lørdag 5. januar 2013

Nedlagd!

Denne bloggen har vore lite påakta av meg, sjeldant oppdatert og neppe lesen av nokon. Eg har oppretta ein ny i staden, ein med vidare emnetilfang. Kanskje innlegga herfrå blir flytta dit.

torsdag 7. juli 2011

Cannibal Holocaust

Her kjem det nok spoilers.

For mange år sidan, det må nesten ha vore i 1995, vakna eg ein morgon etter ein draum der eg hadde sett ein film. Det eg hugsa frå filmen står framleis som brent inn på netthinna, endå det ikkje er rare greiene: Filmen er i svart/kvitt og blir vist på 16mm. Formatet er academy. Eg ser mannshøgt gras og eg veit (på grunn av lyden?) at nokon spring i det. Dette var nok til å gjere filmen eg drøymte om til Ruggero Deodatos vidgjetne (illgjetne) Cannibal Holocaust frå 1980. Etter dette har eg iallfall kokettert med at eg ønskte å sjå den røynlege filmen, om ikkje anna for å finne ut om eg var sanndrøymt.

Endeleg fann eg altså tilfeldigvis ein videoteip med filmen. Ein kveld ungane var i seng og den betre halvdelen ikkje var heime, fekk eg altså endeleg vite at sanndrøymt, det var eg no iallfall ikkje. Cannibal Holocaust er – og dette kunne eg lett ha funne ut av utan å sjå filmen – i widescreen og fargar. Det er ingen som spring gjennom mannshøgt gras der, men det kunne eg ikkje vite utan å sjå filmen.

Cannibal Holocaust er likevel ein av dei filmane som er såpass legendariske at ein i minsto trur ein veit ganske mykje om han på førehand, iallfall var eg skuldig i dette. Eg visste at han hadde vore førebilete for sånne drittfilmar som Blair Witch Project og andre som liksom skulle vere sette saman av nyleg oppdaga opptak etter folk som hadde forsvunne. Sidan filmen er rekna for ein video nasty gjekk eg óg i den fella å tru at det dreidde seg om ein ekstremt sleazy exploitationfilm, jamvel om eg burde forstått at slik trong det ikkje vere. Opptaka til den forsvunne ekspedisjonen utgjer berre grunnlaget for andre del av filmen, medan den første stiller ein del spørsmål om kva som kan ha hendt. At vi som publikum følgjer leiteekspedisjonen er eit særs godt grep. Det er vanskeleg å sjå for seg at filmen hadde vore halvparten så god med den første ekspedisjonen som narrativt fokus, og ikkje minst er nesten det einaste forsonande trekket i filmen denne avstanden til dei nedrige handlingane til filmteamet. At antropologiprofessoren som leitar etter dei blir kvalm av dei gir publikum ein person å sympatisere med, og vi får soleis eit avbrekk frå den elles nesten massive misantropien i filmen. Cannibal Holocaust er ikkje ein film som har mykje godt å seie om menneska.

Veldig, veldig sein festivalrapport del 2

Siste film på laurdag var ein eg hadde sett fram til lenge, nemleg Banksys Exit Through the Gift Shop. No er det mange måtar å vere dokumentarfilm på, og det må ha vore eit enormt materiale å ta av, men stundom verka det nesten litt for perfekt. Guetta var litt for sprø til å vere sann, men desse diskusjonane (som har funne stad) er likevel på sida. Exit Through the Gift Shop har fleire poeng i høve til livssyklusen til ei kunstnarleg rørsle, og er som gatekunsten sjøl eit vittig og tankevekkjande innbrot på ein ny arena. Gatekunstnaranes ønske om dokumentasjon av verka sine bryt mot kommersialismen i verket til Mister Brainwash, og i ein kultur der idear om autentisitet og keeping it real står sterkt er det freistande å tolke tittelen ironisk, som det er dei opphavlege ideane som går ut gjennom suvenirbutikken (altså at tittelen kan forståast som sceneanvisning a la 'exit stage left'). Kunsten når ut til massane både gjennom murveggar og i suvenirbutikkar, men det er kanskje først og fremst i gatene han har kraft til å få folk til å sjå ting på nytt eller på andre måtar, det er i gatene kunsten har overraskingsmomentet på si side. Jamvel om eg står fast ved at filmen er vittig og tankevekkjande, er eg redd for at ein slik karakteristikk avfeiar og gjer seg ferdig med ideinnhaldet i filmen på same vis som Nigel Molesworths standardomtale 'advanced, forthright, signifficant'. Exit Through the Gift Shop skal på reportoaret i heimen ganske snart. Og då trur eg det skal bli på dobbelbill med Orson Welles' F for Fake, som eg trur har vore viktig for Banksy.

Siste film denne festivalen vart Chantrapas, den siste til Otar Iosseliani. No har eg faktisk hatt stor glede av Lundi Matin jamvel om eg sov gjennom mykje av den filmen (første gong), men no var eg altså vaken heile tida. Dei Iosselianifilmane eg har sett, har hatt ei særeigen stemning eg trur eg har lokalisert opphavet til: Dei er stort sett haldne i totalbilete, nesten heilt utan nærbilete, opptaka er etter måten lange og det er få av dei i kvar scene. Filmane kastar heller ikkje bort særleg mykje tid på eksposisjon og rettferdiggjering av handlingane til dei medverkande, iallfall ikkje innafor kvar scene eller frå scene til scene. Her er likevel eit så godt som umarkert flashback tidleg i filmen som - om det ikkje forklarar så mykje - iallfall viser karakterane som born, ungar med sterkt samhald og sterk kunstnarleg gneist. Hovudpersonen Nicolai har talent for og trong til å lage film, men møter hindringar som born (endå det då er stilleståande bilete han held mest på med), under eit kommunistisk system og under eit kapitalistisk system. Verdien av vener og medsamansvorne er stor, men lojaliteten til den kunstnarlege visjonen er sterkare enn viljen til å samarbeide og kompromisse hos Nicholas. Chantrapas viser iallfall kor vandt det er å lage personlege kunstverk i ein så kollektiv og kapitalintensiv kunstart som film. Når eg tenkjer på det, er nok dette ei av dei betre framstillingane av den romantiske kunstnarmyten eg har sett i det siste.

Veldig, veldig sein festivalrapport del 1

Innleiande småprat: Rettnok er det smart å skrive teksten i ein tekstbehandlar før publisering, men eit halvt år er kanskje i lengste laget. Gjennomlesing overtydde meg likevel om at dette var verdt å legge ut slik eg hadde tenkt. Altså.

Etter eit opphald på fire festivalar fekk eg endeleg høve til å arbeide under Tromsø Internasjonale filmfestival att. Som før var det både hyggeleg og gildt, og som gamal kinomaskinist kan eg ikkje vantrivast i maskinrommet sjøl om eg har rolla som videoteknikar. Det var mindre festing for min del i år enn før, kanskje fordi eg no er ein mann i andre halvdel av trettiåra med to born og yrkesmessige plikter å ta meg av.

Men eg greidde å sjå noko i underkant av seks filmar under festivalen:


I Halliwells film guide står det om Fritz Langs amerikanske debut Fury at 'it remains its director's finest American film'. Eg har støtt lese 'finest' som 'first', ikkje berre fordi det støtt vil vere sant og dessutan mindre kontroversielt enn det som faktisk står der. Iron Doors er den første tyske 3D-filmen, og fram til det kjem ein til vil det vere den beste og smartaste. Etter det vil det nok berre gå nedover med statusen. Faktisk fann eg filmen så teit at eg merkar at eg blir dummare di meir eg skriv om han. Folk som er innesperra utan å vite kor eller kvifor har vi sett før, og oppsettet er ikkje utan potensial for allegoriske forteljingar om det å vere menkse. I tilfellet Iron Doors må publikum ta seg av dette sjøl, sidan filmen ser ut til å vere mest oppteken av å finne høve til å la hovudpersonen vere spydig, og dessutan streke under at nei nei, dette er ikkje ein metafor, dette er eit slags fengsel, vår mann kom frå verda utafor og vil gjerne tilbake. Jamvel om hovudpersonen ikkje har nokon å snakke til er han spydig og frekk. Dessutan var det nok ikkje noko godt val å la han snakke engelsk. Det dukkar opp ein person til etter ei stund, og trur du ikkje det er ei kvinne? Og trur du ikkje dei to hovudpersonane er ute av stand til å kommunisere verbalt? Trur du ikkje dei har seg likevel?

SPOILER Mot slutten verka det som den usette plageanda fekk medkjensle med hovudpersonane fordi dei pulte og fordi dei liksom lest som dei ikkje såg at dørene bla bla bla. At det som var utafor siste dør var Pandora gjorde filmen om lag like teit som Avatar. Hovudpersonens 'I did not expect this' understreka unntrykket av at korkje manuset som heilskap eller dialogen (monologen) var særleg gjennomtenkt.

Det er nesten litt frustrerande å tenkje på at Iron Doors og den neste filmen eg gjekk på hadde noko felles, men det hadde dei. Andrej Sokhurovs Russian Ark er iallfall delvis tysk, står for eit filmteknisk nybrottsarbeid (av større vekt enn Iron Doors) og startar med at einkvan vaknar på ukjent tid og stad og viser seg å vere kobla frie frå tid og rom. Elles er det heldigvis berre ting som skil dei to filmane. Russian Ark er ein av dei eg har skulla sjå lenge, og eg er ganske lei meg for at eg sov frå så mykje av filmen som eg gjorde. Heldigvis har eg eit vhs-opptak heime eg kan fylle ut med. Litt fekk eg likevel med meg: Filmen er sjølsagt kjent som den første som faktisk er spelt inn i eit einaste opptak (alle tidlegare eksperiment á la Rope notwithstanding). Dermed var det ekstra moro å legge merke til kva Sokhurov gjer for å simulere montasje: alt i dei første minutta panorerer kameraet for å få til eit 'innklippsbilete' gjennom eit vindauge, tidsdimensjonen er ikkje einskapleg i og med dei samtidige gallerigjengarane og jaggu var det ikkje ein og annan rygg framfor kameraet som minte om nett Rope. Jamvel for ein som ikkje fekk med seg heile handlinga (denne gongen) er det mykje å tenkje på: Dei reint logistiske utfordringane ved å lage film på denne måten, kjensla av at filmen var laga på oppdrag av Eremitasjemuseet kontra vissheita om at dei berre stengte dørene ein einaste dag for å ha filminnspeling, på kva måte filmen utdjupar eller motseier Cesare Zavattinis diktum om at den ypparste neorealistiske filmen ville vere nitti minutt av livet til ein mann det ikkje skjer noko med osb osb.

Direkte etterpå oppsøkte eg Le quattro volte i Kulturhuset. Etter å ha blingsa litt i katalogen og mellom anna fått med meg at den norske tittelen vart Landsbyen på toppen av fjellet, hadde eg ein mistanke om at dette var ein av kosefilmane Arthaus har teke inn ein del av i det siste, men det stemte dårleg. Eg var tydelegvis ikkje utkvilt etter Russian Ark, men grunna mekring og bjølleklang frå dei mange geitene i filmen var det like vanskeleg å oppnå skikkeleg svevn som det var å følgje med. Det delvise inntrykket gjer at det vil vere unfair av meg å seie noko særleg om filmen, anna enn at eg er redd det ikkje blir aktuelt å gje han ein sjanse til på video. Le quattro volte krev eit stort lerret og ein arena utanfor heimen, og det har eg vondt for å sjå at blir aktuelt på norske kinoar, iallfall her i Vestfold.

Etter jobb skulle eg helst ha sett den nye til Tom Tykwer, ein mann eg har sett tre av filmane til under tidlegare Tromsøfestivalar. Diverre var filmen utseld, så det blei amerikansk indie med Littlerock. Jamvel no var det ikkje råd for meg å halde augene oppe. Likevel: Videoen var nokså schtøgg, og karakteren Cory var ein såpass irriterande jævel at då eg vakna ønskte eg å sove lenger. Det eg såg av dei to første aktene tyda på eit portrett av ein jævleg usympatisk gjeng med amerikansk arbeidarklasse sett gjennom augo til eit japansk syskenpar som hadde stranda i Little Rock, Arkansas (heimbyen til både Bill Clinton og karakterane til Jane Russell og Marilyn Monroe i Herrer liker blonde piker, men det sa filmen så vidt eg veit ikkje noko om). Så langt, så fælt. Plutseleg kom slutten og snudde ganske totalt om på filmen. Det museet syskena skulle oppleve, var minnesmerket over dei internerte japansk-amerikanarane, der dei skulle finne namnet til bestefaren. Brevet Yatsiko(?) skriv til faren i voiceover seier mykje om kva ho har gått glipp av eller sloppe unna som følgje av at bestefaren måtte attende til Japan i løpet av krigen, og gjer på eit vis den motbydelege gjengen meir tragiske, samstundes med at filmen viser at USA som innvandrarnasjon har like store problem med å godta framande no som i første halvdel av førtitalet. Eg likte framleis ikkje hovuddelen av filmen, men må innrømme han rett til å eksistere.


fredag 19. november 2010

Den ville gjengen

Opptak frå NRK2 s første dagar, då Lars Gudmestad heldt gimmicky innleiingar til filmane, gjerne i samarbeid med Dag Tufte. Denne gongen sit dei på bar i cowboyklede, sjølsagt. Dei har på seg tøysete kostyme medan dei seier det alle som seier noko om Peckinpah sine filmar seier, så eg tenkte nokre lausrivne observasjonar kunne vere vel så moro og endå meir respektlaust andsynes både klassikaren og fortolkarane:

  1. Det er mykje blodsprut i filmen, men ikkje så mykje mindre tung symbolikk.
  2. Munnspelet kunne ført tankane til Toots Thielmans eller Sigmund Groven, om ikkje det hadde vore for Bent Fabricius-Bjerre. Harmonikaen i Wild Bunch er spelt på same måte som Reodorbluesen i Flåklypa
  3. Om nihilismen og den drøye valden er den europeiske westernfilmens gåve til den amerikanske, er overspelet kanskje ein inspirasjon frå dubbinga av spaghettiwesterns? Eg plar like Edmond O'Brien, men her er han klingande malm og ei ringande bjølle. Og han er ikkje åleine.
  4. Forresten er opningsscena innmari portentous. Eg tenkjer C'era una volta il west men med fleire ungar og meir symbolbruk.
  5. Det er ikkje uvanleg å lese denne (eller andre Peckinpahfilmar) som elegiar over menn som har overlevd seg sjøl. Ein studiekamerat (Monica Iren Dale, kor er du no?) hadde nokre innspel til ei utanrikspolitisk lesing som nok kunne ha mykje for seg.

Dette biletet viser nokre meksikanske geriljakrigarar som har skaffa seg ein bil. I tillegg til denne helvetesmaskina har dei tyske våpenekspertar og med tid og stunder ei mitraljøse. Øvst i høgre hjørne ser ein NRK TO sin logo frå den tida då slagordet deira var Ung og tung.

Orlando



Sally Potters Virginia Woolf-filmatisering fekk meg ved meir enn eit høve til å ønske at ho hadde hyra inn Michael Nyman som komponist, eller i minsto unnlate å samarbeide med Jimmy Sommerville. Av ein eller annan grunn får filmen meg til å tenkje på Peter Greenaway, nemleg. Kanskje eg såg fellesdrag med Draughtsman's Contract, i så fall tippar eg det må ha vore at eg oppfatta at Potter og Greenaway delte ei innstilling til periodedramaet. Eller at dei hadde sams at dei ikkje delte den gjengse BBC-innstillinga, og let innhaldet i filmane sine vere like outrert som kostymane. Eller sånn.

Artig film, då.

Elles kjem eg ikkje utanom å skrive om Tilda Swinton og hennar innsats i tittelrolla. Eg har lett for å tenkje meg Swinton som nesten gjennomsiktig, og kan ikkje nemne mange nolevande skodespelarar med eit meir slåande andlet. Etter å ha sett henne i mange roller er eg jo klar over at ho slett ikkje berre er eterisk, men at ho har eit vidt spekter å spele på. Likevel vart eg overraska over kor mannhaftig ho var i kvinnerolla og ikkje minst over slapsticktalentet hennar. Slapstick var det siste eg venta av filmen i utgangspunktet, men neimen om ikkje Sally Potter og Tilda Swinton ser potensialet som ligg i slapsticken og spelar og regisserer med det i tankane. Ein person som har levd i den same unge kroppen i fire hundre år ville ein vente kunne føre seg som ein Åse Kleveland, men Swinton har den keitete framferda til ein tenåring som har fått lange bein og armar over natta.


Fem mand og Rosa

Danske Saga Studio stod bak ein god del populære filmar. Denne (og den lause oppfølgjaren Smukke Arne og Rosa) kjøpte eg i Odense for ein snau femtilapp kvar. Som DVD-utgjeving får denne norske utgåver av tilsvarande filmar til å sjå ut som gjødselhaugar. Klart og fint bilete, god og forståeleg lyd, cover med originalplakat og i det heile teke.

Filmen var litt sånn søt-sjarmerande og kunne minne om td double stretch (den der Peter Sellers ranar ein bank med fengselsopphaldet sitt som alibi) i og med at det er ei gruppe menn som skal hente ut noko frå ein bank samstundes med at dei ligg på sjukehus. Blanding av kuppfilm og gentlemanstjuveri, med eit innslag av undikkhumor så vel som gammal politichestnut (snuten trur dei høyrer på høyrespel) og running gags med damspel. Eg såg denne rett etter Street Mobster, og noterte at båe filmar har scener der hovudperson brenn bilete/dokument i fyrfat og hjelper flammen med sprit.

Kunne dette vore ein Øyvind Vennerødfilm? Kanskje. Han hadde nok likt samspelet mellom dommar og bankranar, men truleg folkelegsert eit par av dei andre pasientane. Vennerøds Alle tiders kupp handlar forsåvidt om eit kriminalistisk bravurnummer (etter det eg har forstått, iallfall), men der Vennerøds film handlar om å stele varer på Vinmonopolet er Fem mand og Rosa raffinert nok til å dreie seg om å stele brekkstanga til ein utpressar som skviser ein karrierediplomat.

Filmen fekk ein frittståande oppfølgjar nokre år seinare, den gler eg meg til å sjå. Regissør Sven Methling har elles regien på ein film med eit visst, svakt band til nett Øyvind Vennerød, nemleg Passer passer piger. Den er fjerde film i ein serie der første film var den danske remaken av Støv på hjernen. Ei samanlikning mellom den norske Lambertsetertrilogien og den danske Støv-serien er meir enn interessant nok til sine eigne bloggpostar, slik at eg ikkje skal gå vidare med det her.