fredag 19. november 2010

Den ville gjengen

Opptak frå NRK2 s første dagar, då Lars Gudmestad heldt gimmicky innleiingar til filmane, gjerne i samarbeid med Dag Tufte. Denne gongen sit dei på bar i cowboyklede, sjølsagt. Dei har på seg tøysete kostyme medan dei seier det alle som seier noko om Peckinpah sine filmar seier, så eg tenkte nokre lausrivne observasjonar kunne vere vel så moro og endå meir respektlaust andsynes både klassikaren og fortolkarane:

  1. Det er mykje blodsprut i filmen, men ikkje så mykje mindre tung symbolikk.
  2. Munnspelet kunne ført tankane til Toots Thielmans eller Sigmund Groven, om ikkje det hadde vore for Bent Fabricius-Bjerre. Harmonikaen i Wild Bunch er spelt på same måte som Reodorbluesen i Flåklypa
  3. Om nihilismen og den drøye valden er den europeiske westernfilmens gåve til den amerikanske, er overspelet kanskje ein inspirasjon frå dubbinga av spaghettiwesterns? Eg plar like Edmond O'Brien, men her er han klingande malm og ei ringande bjølle. Og han er ikkje åleine.
  4. Forresten er opningsscena innmari portentous. Eg tenkjer C'era una volta il west men med fleire ungar og meir symbolbruk.
  5. Det er ikkje uvanleg å lese denne (eller andre Peckinpahfilmar) som elegiar over menn som har overlevd seg sjøl. Ein studiekamerat (Monica Iren Dale, kor er du no?) hadde nokre innspel til ei utanrikspolitisk lesing som nok kunne ha mykje for seg.

Dette biletet viser nokre meksikanske geriljakrigarar som har skaffa seg ein bil. I tillegg til denne helvetesmaskina har dei tyske våpenekspertar og med tid og stunder ei mitraljøse. Øvst i høgre hjørne ser ein NRK TO sin logo frå den tida då slagordet deira var Ung og tung.

Orlando



Sally Potters Virginia Woolf-filmatisering fekk meg ved meir enn eit høve til å ønske at ho hadde hyra inn Michael Nyman som komponist, eller i minsto unnlate å samarbeide med Jimmy Sommerville. Av ein eller annan grunn får filmen meg til å tenkje på Peter Greenaway, nemleg. Kanskje eg såg fellesdrag med Draughtsman's Contract, i så fall tippar eg det må ha vore at eg oppfatta at Potter og Greenaway delte ei innstilling til periodedramaet. Eller at dei hadde sams at dei ikkje delte den gjengse BBC-innstillinga, og let innhaldet i filmane sine vere like outrert som kostymane. Eller sånn.

Artig film, då.

Elles kjem eg ikkje utanom å skrive om Tilda Swinton og hennar innsats i tittelrolla. Eg har lett for å tenkje meg Swinton som nesten gjennomsiktig, og kan ikkje nemne mange nolevande skodespelarar med eit meir slåande andlet. Etter å ha sett henne i mange roller er eg jo klar over at ho slett ikkje berre er eterisk, men at ho har eit vidt spekter å spele på. Likevel vart eg overraska over kor mannhaftig ho var i kvinnerolla og ikkje minst over slapsticktalentet hennar. Slapstick var det siste eg venta av filmen i utgangspunktet, men neimen om ikkje Sally Potter og Tilda Swinton ser potensialet som ligg i slapsticken og spelar og regisserer med det i tankane. Ein person som har levd i den same unge kroppen i fire hundre år ville ein vente kunne føre seg som ein Åse Kleveland, men Swinton har den keitete framferda til ein tenåring som har fått lange bein og armar over natta.


Fem mand og Rosa

Danske Saga Studio stod bak ein god del populære filmar. Denne (og den lause oppfølgjaren Smukke Arne og Rosa) kjøpte eg i Odense for ein snau femtilapp kvar. Som DVD-utgjeving får denne norske utgåver av tilsvarande filmar til å sjå ut som gjødselhaugar. Klart og fint bilete, god og forståeleg lyd, cover med originalplakat og i det heile teke.

Filmen var litt sånn søt-sjarmerande og kunne minne om td double stretch (den der Peter Sellers ranar ein bank med fengselsopphaldet sitt som alibi) i og med at det er ei gruppe menn som skal hente ut noko frå ein bank samstundes med at dei ligg på sjukehus. Blanding av kuppfilm og gentlemanstjuveri, med eit innslag av undikkhumor så vel som gammal politichestnut (snuten trur dei høyrer på høyrespel) og running gags med damspel. Eg såg denne rett etter Street Mobster, og noterte at båe filmar har scener der hovudperson brenn bilete/dokument i fyrfat og hjelper flammen med sprit.

Kunne dette vore ein Øyvind Vennerødfilm? Kanskje. Han hadde nok likt samspelet mellom dommar og bankranar, men truleg folkelegsert eit par av dei andre pasientane. Vennerøds Alle tiders kupp handlar forsåvidt om eit kriminalistisk bravurnummer (etter det eg har forstått, iallfall), men der Vennerøds film handlar om å stele varer på Vinmonopolet er Fem mand og Rosa raffinert nok til å dreie seg om å stele brekkstanga til ein utpressar som skviser ein karrierediplomat.

Filmen fekk ein frittståande oppfølgjar nokre år seinare, den gler eg meg til å sjå. Regissør Sven Methling har elles regien på ein film med eit visst, svakt band til nett Øyvind Vennerød, nemleg Passer passer piger. Den er fjerde film i ein serie der første film var den danske remaken av Støv på hjernen. Ei samanlikning mellom den norske Lambertsetertrilogien og den danske Støv-serien er meir enn interessant nok til sine eigne bloggpostar, slik at eg ikkje skal gå vidare med det her.

Street Mobster

Kjøpt som del av to boksar med yakuza-eiga av Fukasaku Kenji. Emballasjen hevdar at filmen er fully restored og digitally remastered, men biletet ser mest av alt ut som om ein sliten 8mm-kopi projisert på baksida av ein rull strietapet og så filma med videokamera. Ofte vanskeleg å sjå kva som går føre seg i biletet.

Bruttale greier er det iallfall. Bunta Sugawara er ekstremt tøff i hovudrolla, ein mann som er glad i kvins og slåsting, men ikkje gambling. Det er ikkje fritt for at han kombinerer kvins og slåsting frå tid til annan. Brushovud er han, men likevel i stand til å bli sjokkert av spor av valdshandlingar, og siste scene med nista er berre hjarteskjerande. Han er mao ikkje ein supersympatisk type, men likevel ikkje utan forsonande drag som filmkarakter. Fukasaku sine yakuzafilmar har ein god del i retning av kva skal vi seie, lyrisk machismo, nøktern-realistisk symboltyngd (motsetnadsfylt stil er vel det eg prøver å seie), men eg meiner å hugse at den beste av dei eg har sett er Japan Organized Crime Boss.

Musikken i desse filmane er ekstremt kul. Mykje strykarar og messing, men ofte med eit munnspel og ein god gitar. Står ikkje på noko vis tilbake for det som vart spelt i Italia på same tid.

Jamaica Inn

Hitchcocks siste britiske. Den første av to Daphne duMarier-adaptasjonar på rappen (den neste var Rebecca), den einaste med Charles Laughton, og ikkje av eit levande menneske rekna for å vere mellom meisterens beste. Opptaket var frå TV4 og såg mest av alt ut som graut.

Det var eit par ting som var verdt å merke seg med filmen. Som i mange andre H-filmar hamna protagonisten utan sjøl å ha skuld i det i ei alvorleg knipe. Dessutan var ein av hovudpersonane undercover, og to personar av motsett kjøn hamna på flukt saman. Undercover- og fluktsituasjonen skilte seg ut frå tilsvarande i td 39 Steps mellom anna i det at publikum like lite som mary var klar over at snuten var snut, det vart først avslørt seinare. Det nærmaste eg kjem på frå H er Eve Kendall i NNW.

På same teip: Supercop. Potensielt interessant dobbelbill.