torsdag 7. juli 2011

Veldig, veldig sein festivalrapport del 2

Siste film på laurdag var ein eg hadde sett fram til lenge, nemleg Banksys Exit Through the Gift Shop. No er det mange måtar å vere dokumentarfilm på, og det må ha vore eit enormt materiale å ta av, men stundom verka det nesten litt for perfekt. Guetta var litt for sprø til å vere sann, men desse diskusjonane (som har funne stad) er likevel på sida. Exit Through the Gift Shop har fleire poeng i høve til livssyklusen til ei kunstnarleg rørsle, og er som gatekunsten sjøl eit vittig og tankevekkjande innbrot på ein ny arena. Gatekunstnaranes ønske om dokumentasjon av verka sine bryt mot kommersialismen i verket til Mister Brainwash, og i ein kultur der idear om autentisitet og keeping it real står sterkt er det freistande å tolke tittelen ironisk, som det er dei opphavlege ideane som går ut gjennom suvenirbutikken (altså at tittelen kan forståast som sceneanvisning a la 'exit stage left'). Kunsten når ut til massane både gjennom murveggar og i suvenirbutikkar, men det er kanskje først og fremst i gatene han har kraft til å få folk til å sjå ting på nytt eller på andre måtar, det er i gatene kunsten har overraskingsmomentet på si side. Jamvel om eg står fast ved at filmen er vittig og tankevekkjande, er eg redd for at ein slik karakteristikk avfeiar og gjer seg ferdig med ideinnhaldet i filmen på same vis som Nigel Molesworths standardomtale 'advanced, forthright, signifficant'. Exit Through the Gift Shop skal på reportoaret i heimen ganske snart. Og då trur eg det skal bli på dobbelbill med Orson Welles' F for Fake, som eg trur har vore viktig for Banksy.

Siste film denne festivalen vart Chantrapas, den siste til Otar Iosseliani. No har eg faktisk hatt stor glede av Lundi Matin jamvel om eg sov gjennom mykje av den filmen (første gong), men no var eg altså vaken heile tida. Dei Iosselianifilmane eg har sett, har hatt ei særeigen stemning eg trur eg har lokalisert opphavet til: Dei er stort sett haldne i totalbilete, nesten heilt utan nærbilete, opptaka er etter måten lange og det er få av dei i kvar scene. Filmane kastar heller ikkje bort særleg mykje tid på eksposisjon og rettferdiggjering av handlingane til dei medverkande, iallfall ikkje innafor kvar scene eller frå scene til scene. Her er likevel eit så godt som umarkert flashback tidleg i filmen som - om det ikkje forklarar så mykje - iallfall viser karakterane som born, ungar med sterkt samhald og sterk kunstnarleg gneist. Hovudpersonen Nicolai har talent for og trong til å lage film, men møter hindringar som born (endå det då er stilleståande bilete han held mest på med), under eit kommunistisk system og under eit kapitalistisk system. Verdien av vener og medsamansvorne er stor, men lojaliteten til den kunstnarlege visjonen er sterkare enn viljen til å samarbeide og kompromisse hos Nicholas. Chantrapas viser iallfall kor vandt det er å lage personlege kunstverk i ein så kollektiv og kapitalintensiv kunstart som film. Når eg tenkjer på det, er nok dette ei av dei betre framstillingane av den romantiske kunstnarmyten eg har sett i det siste.

Ingen kommentarer: