fredag 19. november 2010

Orlando



Sally Potters Virginia Woolf-filmatisering fekk meg ved meir enn eit høve til å ønske at ho hadde hyra inn Michael Nyman som komponist, eller i minsto unnlate å samarbeide med Jimmy Sommerville. Av ein eller annan grunn får filmen meg til å tenkje på Peter Greenaway, nemleg. Kanskje eg såg fellesdrag med Draughtsman's Contract, i så fall tippar eg det må ha vore at eg oppfatta at Potter og Greenaway delte ei innstilling til periodedramaet. Eller at dei hadde sams at dei ikkje delte den gjengse BBC-innstillinga, og let innhaldet i filmane sine vere like outrert som kostymane. Eller sånn.

Artig film, då.

Elles kjem eg ikkje utanom å skrive om Tilda Swinton og hennar innsats i tittelrolla. Eg har lett for å tenkje meg Swinton som nesten gjennomsiktig, og kan ikkje nemne mange nolevande skodespelarar med eit meir slåande andlet. Etter å ha sett henne i mange roller er eg jo klar over at ho slett ikkje berre er eterisk, men at ho har eit vidt spekter å spele på. Likevel vart eg overraska over kor mannhaftig ho var i kvinnerolla og ikkje minst over slapsticktalentet hennar. Slapstick var det siste eg venta av filmen i utgangspunktet, men neimen om ikkje Sally Potter og Tilda Swinton ser potensialet som ligg i slapsticken og spelar og regisserer med det i tankane. Ein person som har levd i den same unge kroppen i fire hundre år ville ein vente kunne føre seg som ein Åse Kleveland, men Swinton har den keitete framferda til ein tenåring som har fått lange bein og armar over natta.


Ingen kommentarer: