fredag 19. november 2010

Fem mand og Rosa

Danske Saga Studio stod bak ein god del populære filmar. Denne (og den lause oppfølgjaren Smukke Arne og Rosa) kjøpte eg i Odense for ein snau femtilapp kvar. Som DVD-utgjeving får denne norske utgåver av tilsvarande filmar til å sjå ut som gjødselhaugar. Klart og fint bilete, god og forståeleg lyd, cover med originalplakat og i det heile teke.

Filmen var litt sånn søt-sjarmerande og kunne minne om td double stretch (den der Peter Sellers ranar ein bank med fengselsopphaldet sitt som alibi) i og med at det er ei gruppe menn som skal hente ut noko frå ein bank samstundes med at dei ligg på sjukehus. Blanding av kuppfilm og gentlemanstjuveri, med eit innslag av undikkhumor så vel som gammal politichestnut (snuten trur dei høyrer på høyrespel) og running gags med damspel. Eg såg denne rett etter Street Mobster, og noterte at båe filmar har scener der hovudperson brenn bilete/dokument i fyrfat og hjelper flammen med sprit.

Kunne dette vore ein Øyvind Vennerødfilm? Kanskje. Han hadde nok likt samspelet mellom dommar og bankranar, men truleg folkelegsert eit par av dei andre pasientane. Vennerøds Alle tiders kupp handlar forsåvidt om eit kriminalistisk bravurnummer (etter det eg har forstått, iallfall), men der Vennerøds film handlar om å stele varer på Vinmonopolet er Fem mand og Rosa raffinert nok til å dreie seg om å stele brekkstanga til ein utpressar som skviser ein karrierediplomat.

Filmen fekk ein frittståande oppfølgjar nokre år seinare, den gler eg meg til å sjå. Regissør Sven Methling har elles regien på ein film med eit visst, svakt band til nett Øyvind Vennerød, nemleg Passer passer piger. Den er fjerde film i ein serie der første film var den danske remaken av Støv på hjernen. Ei samanlikning mellom den norske Lambertsetertrilogien og den danske Støv-serien er meir enn interessant nok til sine eigne bloggpostar, slik at eg ikkje skal gå vidare med det her.

Ingen kommentarer: