torsdag 7. juli 2011

Cannibal Holocaust

Her kjem det nok spoilers.

For mange år sidan, det må nesten ha vore i 1995, vakna eg ein morgon etter ein draum der eg hadde sett ein film. Det eg hugsa frå filmen står framleis som brent inn på netthinna, endå det ikkje er rare greiene: Filmen er i svart/kvitt og blir vist på 16mm. Formatet er academy. Eg ser mannshøgt gras og eg veit (på grunn av lyden?) at nokon spring i det. Dette var nok til å gjere filmen eg drøymte om til Ruggero Deodatos vidgjetne (illgjetne) Cannibal Holocaust frå 1980. Etter dette har eg iallfall kokettert med at eg ønskte å sjå den røynlege filmen, om ikkje anna for å finne ut om eg var sanndrøymt.

Endeleg fann eg altså tilfeldigvis ein videoteip med filmen. Ein kveld ungane var i seng og den betre halvdelen ikkje var heime, fekk eg altså endeleg vite at sanndrøymt, det var eg no iallfall ikkje. Cannibal Holocaust er – og dette kunne eg lett ha funne ut av utan å sjå filmen – i widescreen og fargar. Det er ingen som spring gjennom mannshøgt gras der, men det kunne eg ikkje vite utan å sjå filmen.

Cannibal Holocaust er likevel ein av dei filmane som er såpass legendariske at ein i minsto trur ein veit ganske mykje om han på førehand, iallfall var eg skuldig i dette. Eg visste at han hadde vore førebilete for sånne drittfilmar som Blair Witch Project og andre som liksom skulle vere sette saman av nyleg oppdaga opptak etter folk som hadde forsvunne. Sidan filmen er rekna for ein video nasty gjekk eg óg i den fella å tru at det dreidde seg om ein ekstremt sleazy exploitationfilm, jamvel om eg burde forstått at slik trong det ikkje vere. Opptaka til den forsvunne ekspedisjonen utgjer berre grunnlaget for andre del av filmen, medan den første stiller ein del spørsmål om kva som kan ha hendt. At vi som publikum følgjer leiteekspedisjonen er eit særs godt grep. Det er vanskeleg å sjå for seg at filmen hadde vore halvparten så god med den første ekspedisjonen som narrativt fokus, og ikkje minst er nesten det einaste forsonande trekket i filmen denne avstanden til dei nedrige handlingane til filmteamet. At antropologiprofessoren som leitar etter dei blir kvalm av dei gir publikum ein person å sympatisere med, og vi får soleis eit avbrekk frå den elles nesten massive misantropien i filmen. Cannibal Holocaust er ikkje ein film som har mykje godt å seie om menneska.

Ingen kommentarer: